Bestilling av lammeslakt
Bestilling av lammeslakt
Hausten er her, og med den lammesesongen 😉
Vi tek no i mot bestillingar på lammeslakt av Gammalnorsk spelsau.
Lammekjøt frå OPP I BAKKJI er beitebasert, og kjem frå lam som har gått på beite på Nerlandsøya heile livet. Vi brukar ikkje sluttforing med kraftfor, og slaktevekter ligg vanlegvis frå 13-16 kg. Slakting og partering vert utført av Nortura.
Vi har i år fylgjande prisar:
- Tradisjonslam / heilt slakt: kr 145,- pr kg inkl. mva
- Julelam / grovpartert slakt: kr 155,- pr kg inkl. mva
- Fårikållam / finpartert slakt: kr 165,- pr kg inkl. mva
Ver merksam på at vi berre har høve til å levere heile slakt, og ikkje stykningsdelar.
Utleveringsdato er den 21.oktober. Levering skjer etter avtale. Vi kan levere i Herøy og Ulstein.
Frist for bestilling er 7. oktober.
Bestilling kan gjerast i skjemaet under eller på linken her: BESTILLING AV LAMMESLAKT
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål!
Tlf Marcus: 95 85 73 39 / e-post: post@oppibakkji.no
Kommentarer
Legg inn en kommentar