Velkomne, kystgeiter!
Velkomne, kystgeiter!
Geitene våre er av rasen Norsk Kystgeit og stammar frå kystgeitflokkane på Stadtlandet.
Tidlegare var det vanleg å halde geit i vårt distrikt, og så også på Nerlandsøya. Jakob P. Kopperstad (f. 1931) fortalde at dei hadde geiter "Opp i gara" på Koparstad i hans barndom. Dette var geiter som ikkje vart mjølka, men som gjekk i utmarka mesteparten av året og som til visse tider vart samla for merking og uttak av slaktedyr. I fylgje Jakob vart dei siste kystgeitene på Nerlandsøya skotne under 2. verdskrigen.
Seinare har restar av den gamle kystgeitstammen på Sunnmøre berre overlevd i forvilla tilstand på Sandsøya og Skorpa. Men no er dei altså tilbake på Nerlandsøya! Noko som er mulig takka vere eit nystarta avlssamarbeid i Sunnmøre og Romsdal Kystgeitlag.
Hos oss starta geiten umiddelbart på jobben, og sørga raskt for å fjerne det grøne på den einaste einen i innmarksbeitet rundt løda vår.
Kommentarer
Legg inn en kommentar