Kjøt/slakt

Kjøt av gammalnorsk spelsau 


 Kjøt av gammalnorsk spelsau særmerkjer seg som finfibra og mildt på smaken. Feittet er marmorert inn kjøtet slik at det ofte vert opplevd som forholdsvis magert, og om dyret har gått på utmarksbeite med tilgang på ein variert beitediett kan det få eit hint av viltsmak. Kjøt frå gammalnorsk spelsau skil seg såleis frå kjøt av norsk kvit sau både i smak og struktur, og har ein god del av dei same kvalitetane som villsaukjøt. I storleik vil til vanleg eit slakt av gammalnorsk spelsau ligge ein stad mellom villsau og norsk kvit sau.

Kjøtproduksjonen vår er i all hovudsak beite- og grovforbasert. Vi har ei målsetning om å levere kjøt som er eit resultat av lokal ressursnytting. Kraftfor er ikkje ein del av dietten, men vert kun brukt for å temje og samle dyra. Tanken bak er at beitebasert kjøt gir dei beste råvarene, med den gunstigaste feittsyresamansetninga og det minste miljøavtrykket. 

Samtidig er det viktig for oss at sauene våre trivast. Vi ynskjer dyra i størst mulig grad skal få leve ut sine naturlege individuelle og sosiale instinkt gjennom året, og meinar at småskalaproduksjon kan gje både god dyrevelferd og berekraftig mat av høg kvalitet.


Levering av slakt

Sal av kjøt er hos oss er sesongbasert. Normalt sender vi lam og sauer til slakt ein gong midt i oktober. brukar Ole Ringdal AS på Hellesylt til slakting og partering, og har då høve til å selje returslakt frå eigen buskap. Fylg med på sida vår når det nærmar seg sesongen...

 

Bestilling av lammeslakt 2023 

 




 


Kommentarer

Populære innlegg