Inn på tunet

Kva er det som lagar vegen vi går på og fører oss i den retninga vi er på veg? Kva er det som formar oss som menneske og gjer oss til dei vi er? 

Gir ein seg tida å tenkje, så dukkar det kanskje opp minne om situasjonar, opplevingar og ikkje minst om gode møte med menneske.

 


Ein gard...

Frå gammalt av tyder nemninga "gard" eit innegjerda området, der garden eller gjerdet si avgrensing gav vern, trivnad og vekst for dyr og planter gjennom året sin gang. På liknande vis har vi eit ynskje om at garden vår skal vere ein trygg stad, som har rom for menneskeleg samspel, vekst og utvikling.
 
Både Katrine og Marcus er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning. Katrine som allmennlærar, Marcus som faglærar med bachelor i Kroppsøving og Friluftsliv. Vi har elles erfaring med ungdomsarbeid og miljøarbeid frå skule og helsesektor. Saman har vi eit langsiktig mål om å nytte den pedagogiske utdanninga vår i samanheng med gardsdrifta, og hausten 2020 vart Opp i bakkji godkjend som tilbydar av Inn på tunet-tenester.


Kva er Inn på tunet?

"lnn på tunet" (IPT) er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk, som skal gje utvikling, meistring og trivsel. Aktiviteten i tilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.
 
IPT vert kvalitetssikra av stiftinga Matmerk, og tilbydarar av IPT-tenester skal vere godkjende etter Matmerk sine krav. Det finst i dag over 400 godkjende IPT-gardar over heile landet, med eit stort mangfald av tilbod for ulike brukargrupper som t.d. born og unge, menneske med rusproblem, funksjonshemma og eldre.


Kva vil vi som Inn på tunet-gard?

Å vere Inn på tunet-gard inneber for oss å vere undervegs. Garden og årstidene er nært knytte til kvarandre, og ingen av dei står stille. Alltid er det noko som skjer, alltid er her liv. Og i det er der stor glede!
 
Sjølv her ute på øyane som vi held til, med marginale jordbruksareal, er gardsdrift ein rik og viktig del av kulturarven vår. Framleis kan ein finne levande tradisjonar og kunnskapar som skriv seg frå fiskarbonden og det gamle sjølvbergingssamfunnet si tid. Å halde husdyr og dyrke jorda byr på naturopplevingar og fysisk aktivitet, og gjer godt for både kropp og hovud. Samtidig gir aktivitetar knytte til småskala gardsdrift fine inngangar til å få erfaring med og innsikt i korleis lokale ressursar kan nyttast og foredlast på meiningsfulle og berekraftige måtar. 

Vi har god tru på verdien av å forvalte kunnskapen om drift av små gardsbruk, og meinar at kjennskap til grunnleggande gardsdrift er viktig for miljø, helse og lokal identitet. Med Inn på tunet ynskjer vi at fleire skal få ta del i verdiane naturglede, arbeidsglede og felleskapsglede, i ei trygg ramme som gir rom for oppleving, meistring og læring. 
 

Vegen vidare

Inn på tunet bygg på årsrytma på garden. Kvar årstid har sitt å gje oss, og gjennom heile året fyl vi og steller dyra på garden. Her er rom for å så, dyrke og hauste, her er kort veg til kystnaturen i fjøre og fjell, her er beite og jord som skal stellast, her er bygningar og reiskap som skal vedlikehaldast, og råvarer som skal takast vare på og foredlast. Saman tek vi del i arbeidet og opplever og lærer. 

Inn på tunet kan vere for barnehageborn, skuleelevar, for born og unge med særskilde behov eller for andre.

Til sist: Inn på tunet er ikkje ferdig forma, men eit levande opplegg som vert til i samspel mellom dei som er involverte. 
 
Ta gjerne kontakt med oss om du ser eit behov som Inn på tunet kanskje kan medverke til å dekkje.





Kommentarer

Populære innlegg