Om garden

Opp i bakkji er eit lite kystbruk som ligg på Koparstad, ei sørvend bygd på Nerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre.

Her held vi til - takksame for at vi får ta del i eit godt bu- og oppvekstmiljø, for at vi får leve tett på rein og rik natur og for at vi kan dyrke interesser og jord.
 
På garden har vi sauedrift med gammalnorsk spelsau, ein liten flokk jærhøns og eit Inn på tunet - tilbod i startgropa.

Velkomen innom!
 

Historie

"Opp i bakkji" er det gamle, lokale namnet på bruk nr. 8 på garden Koparstad. Bruket har ei historie som sjølvstendig brukseining tilbake til tidleg på 1600-talet, og var frå gammalt av kyrkjegods. Tidleg på 1970-talet vart det bygt ny driftsbygning nede ved fylkesvegen, og tunet på garden fekk si noverande plassering.  
 
Eigarar av garden i dag er Katrine og Marcus Johannessen. Katrine er frå Lillesand, medan Marcus er herøyværing og oppvaksen på Bergsøya. Vi er begge lærarutdanna, og delar interesse for natur, mat og tradisjonell sjølvbergingskunnskap. Då vi i 2014 fekk kjøpe "Opp i bakkji" kjende vi at dette var vår sjanse! I 2016 starta vi oppatt gardsdrifta, og vi driv i dag Opp i bakkji som eit familiebruk.
 

Populære innlegg