Jærhøns

Jærhøna har uoffisielt den kanskje litt tvilsomme æra av å vere verdas mest innavla hønserase. Rasen oppstod ved Statens kontrollavlstasjon på Bryne, der ein i 1916 tok til med systematisk avl på landhøns som var innsamla frå jærdistriktet. Målet for avlen var å få fram ei god verpehøne for kommersiell eggproduksjon. På eit tidspunkt vart det valt ut ei høne og ein hane som utgangspunkt for vidare avl, og visstnok skal alle jærhøner i dag stamme frå dette eine paret. Trass i innavlen må utvalet ha vore heldig, for jærhøna er ei kvikk høne, som er hardfør og motstandsdyktig mot sjukdom.

Flokken på tur.

Våre jærhøner får gå fritt på tunet store delar av året, og det er lett å sjå at dette er høner som trivst i friluft. Eit staseleg syn er det, å sjå jærhanen spankulere rundt på tunet med eit vake og bestemt blikk på hønseflokken sin. Frå dei gamle landhønsa (som no er utdøydde) har jærhøna arva eit sterkt flokk- og fluktinstinkt, og dei er svært aktive og flinke til å finne mat sjølv ute. Slikt vert det gode egg av, og det skal jærhøna ha, ho gir oss ei overflod av store og fine egg.

Hanefar er sjef.

Jærhøna er den einaste norske hønserasen og har status som truga. Det er no også til ettertanke, at kyllingane som kryp ut av egga våre er verdifullt og uerstatteleg genmateriale.

Lys jærhøne.

 






Kommentarer

Populære innlegg