Skinnvarer

Skinn av gammalnorsk spelsau

Den gammalnorske spelsauen er godt kledd i ein varm og fyldig ullfell. Fellen er todelt, med tel og tog, botnull og dekkull. Botnulla er mjuk og luftig, og ligg som eit isolerande lag inst mot sauekroppen, medan den sterke og glansfulle dekkulla ligg utanpå som ei vernande kappe mot vind og væte. Saman med det store fargespekteret, med sauer i alle nyansar og sjatteringar i kvitt, grått, blått, brunt og svart, og med ulike mønster og tegningar gir dette svært flotte skinnfellar. Og best av alt, det finst knapt to som er like..



Garva skinn av gammalnorsk spelsau er eit unikt og miljøvennleg produkt som har svært lang levetid. Ull er både slitesterk og naturleg smussvavisande, så skinn som vert rett stelte kan vare i generasjonar. 

Kvart skinn har sitt eige preg. Lammeskinna er dei mjukaste. Dei er tynne, men likevel sterke og har finfibra og lett ull. Skinn frå eldre dyr er naturleg nok større, og har på si side meir spenst og sterkare glans i ulla, noko som framhevar fargar og nyansar. Eit lamme- eller saueskinn er eit varig produkt til dagleg glede, som både er dekorativt og behageleg i bruk.

Saueskinn med nyansar i grått og brunt.

Skinna vi sel kjem av sauer frå eigen buskap, og er eit lokalt og unikt produkt. God dyrevelferd er eit overordna mål for drifta vår og vi ser det som ein stor verdi at sauene har tilgang til uteareal heile året, og at sauene får høve til å lamme ute. Ein sau som trivst er ein sau som ikkje vert påført unødig stress, men som også får fridom til å leve ut sine naturlege instinkt, både som individ og som eit sosialt flokkmedlem. Drifta vår er elles gras- og grovforbasert, slik at skinna våre i all hovudsak eit resultat av lokal ressursnytting. Vi garvar våre skinn ved Granberg Garveri, som er det einaste attverande garveriet som driv med produksjon i Noreg.

 

Skinn med trykk

I tillegg til å selje garva saueskinn frå eigen buskap, kan vi også tilby ulike typar skinnprodukt. Eit døme er skinn med trykk på skinnsida, noko som gir skinnet eit personleg og særmerkt preg.

Lammeskinn med trykk.
 

Skinnfellsaum

Katrine driv også med skinnfellsaum, eit gammalt og tradisjonsrikt handverk. Ved å sy saman fleire skinn, sy på brudekant og dekorere skinnsida, vert skinna omskapte til ein staseleg skinnfell som kan pynte opp t.d. ein stol eller ei seng. Dette er garantert det føretrekte underlaget i mørke vinterkveldar!
 
Sydd skinnfell av to lammeskinn.

Andre skinnprodukt

Babytøfler

Babyvottar

Sofapute

Døme på skinn

 

Lammeskinn, farge "blå".
 
Lammeskinn, farge "rosete blå".
 
Lammeskinn, farge "grå".
 
Saueskinn av 1,5 år gammal vêr farge "lys brun".
 
 
Saueskinn av 2,5 år gammal sau, farge "grå".

 
Lammeskinn med brunt trykk.

 
Skinnfell av to lammeskinn, med brudekant og dekor.
 


Sal av skinnprodukt

Vi legg ut bilde av skinn og skinnprodukt som er tilgjengelege for sal, men dersom ein skal velje er sjølvsagt det beste å studere skinna i levande live for å få inntrykk av farge og preg.

Tilgjengelege produkt ser du her: Gardsutsal

 

Prisar frå 1.9.2023

Vi sel skinn og skinnprodukt til fylgjande veil. prisar inkl. mva:

  • Lammeskinn   
    •  frå 1800,- 
  • Saueskinn        
    • frå 2000,-
  • Trykk på skinn, svart eller brunt
    • frå 485,-
  •  Siteunderlag med påsydd brudekant og trykk
    • frå 1600,- 
  • Sofapute med trykk
    • frå 1600,-
  • Skinnfell med påsydd brudekant og trykk (av to lammeskinn)
    • frå 7600,-
  • Babypose med påsydd brudekant og trykk (av to lammeskinn)
    • frå 7900,-  
Ved kjøp av skinn med trykk gir vi 10% rabatt på prisen på skinnet.
  • 10% rabatt på skinn med trykk.

 

Førehandstinging

Omsetninga av skinn er delvis sesongbasert, der vi normalt får returskinna våre frå garveriet tidleg på hausten. Ta gjerne kontakt om du kan vere interessert i å bestille skinn eller skinnprodukt når vi har nye produkt tilgjengeleg, så tek vi kontakt når vi har noko å vise fram - sjølvsagt heilt uforpliktande.


Kontakt

E-post: post@oppibakkji.no

Telefon: 48 00 62 12 (Katrine) / 95 85 73 39 (Marcus)

Kommentarer

Populære innlegg