Lammeslakt hausten 2025

Bestilling av lammeslakt

Ingen haust utan lammekjøt 😉

Frå oss kan du kjøpe kjøtet som du ikkje finn i butikken. Kjøt som er beitebasert, har den sunnaste feittsyresamansetninga og den beste smaken. Og om ein ikkje har prøvd det før vil ein merke at kjøt av gammalnorsk spelsau skil seg frå slakt av norsk kvit sau ved at slaktet er mindre, smaken er mildare og feittet er innmarmorert i kjøtet.

Lammekjøt frå OPP I BAKKJI kjem frå lam som har gått på beite på Nerlandsøya heile livet. Vi brukar ikkje sluttforing med kraftfôr, slaktevekter kan ligge frå 12-16 kg. Slakting og partering vert utført av Nortura.   

Vi tilbyr fylgjande:

  • Lam
    • Heilt slakt - kr 160,- pr kg
    • Grovpartert - kr 170,- pr kg
    • Finpartert - kr 180,- pr kg 
  • Ung sau 
    • Grovpartert - kr 130,- pr kg
    • Finpartert - kr 140,- pr kg 
  • Sau
    • Grovpartert - kr 115,- pr kg
    • Finpartert - kr 125,- pr kg 

Ver merksam på at vi berre har høve til å levere heile slakt, og ikkje stykningsdelar. 

Levering eller henting skjer etter avtale i veke 43. 

Dato for retur vil vere avhengig av slaktedato. Vi har avgrensa kjølekapasitet, bestillingar må derfor kunne hentast/leverast etter avtale den dagen dei kjem i retur frå slakteriet. Vi leverer fraktfritt i Herøy og Ulstein.

Siste frist for bestilling er 10. oktober, men ver gjerne tidleg ute!

Bestilling kan gjerast i skjemaet under eller på linken her: BESTILLING AV LAMMESLAKT 

Eller du kan sende oss ei melding:

Tlf Marcus: 95 85 73 39 / e-post: post@oppibakkji.no

Finpartert slakt med heile lår. Pinnesider, nakke og bog delt til fårikålkjøt.

Kommentarer

Populære innlegg