Gammalnorsk spelsau

Kva er verdas vakraste sauerase? Det finst sikkert like mange svar som det finst sauerasar, og vi er ikkje heilt habile. Men når du ser ein gammalnorsk spelsau i motsol, med glorie. Eg seier ikkje meir...

 

Tornerose som 1,5-åring.

 

Gammalnorsk spelsau er ein sauerase som har fått namn etter rumpa si - "spelen", som kan spele så fint når sauen er i ekstra godt lune. Som namnet røpar har rasen ei lang historie i Noreg. Dette er ein etterkomar av korthalesauer som kom til landet med dei fyrste bøndene i Arilds tid. Gammalnorsk korthalesau var den dominerande sauetypen i Noreg i vikingtida, gjennom mellomalderen og heilt fram til moderniseringa av jordbruket skaut fart på 1800-talet, då importerte langhala rasar tok til å gjere seg meir gjeldande. Vi har i dag fleire norske sauerasar som er etterkomarar av gammalnorsk sau, og ein av dei er gammalnorsk spelsau.

 
Flokken vår i 2017.

Vårt kjennskap til rasen starta i 2009, då Marcus møtte Jofrid Barstad i Follestaddalen i Ørsta. Jofrid hadde ein fantastisk flott flokk som ho hadde avla sidan slutten på 60-talet, og ho hadde stor kunnskap og eit vell av historier om den gammalnorske spelsauen sine eigenskapar og særtrekk. I si tid dreiv Jofrid med oppstalling og inneforing av sauene på tradisjonelt vis vinterstid, men med åra gjekk ho over til ei enklare driftsform, der sauene gjekk ute heile året, og kun hadde eit enkelt hus å søkje ly i. Sauene treivst betre når dei fekk vere ute, meinte Jofrid, og desutan vart dei friskare, dei hadde mindre lammingsvanskar og var mindre utsette for sjukdom.
 
Godt å kome ut ein vinterdag.

Då vi i 2016 bestemte oss for å starte opp med sau, og fekk høve til å kjøpe lam som var etterkomarar etter Jofrid Barstad sine sauer, var det ikkje tvil om kva sauer vi skulle ha. I dag har vi ein flokk på 9 lammesauer, og gler oss over å få vere i nærkontakt med vakre og fargerike sauer som har fint lynne, er gode mødre og nøysame og hardføre beitedyr som steller kulturlandskapet fint. I tillegg til fine opplevingar gir gammalnorsk spelsau også flotte råvarer i form av smaksrikt kjøt, mjuk og varmande ull og glansfulle skinn i eit stort fargespekter.

"Blåbæ" med daggamle lam.



Kommentarer

Populære innlegg