Sal av slakt 2026
Sal av slakt Hausten er her, og slaktetida nærmar seg...😉 Sauene våre har gått på beite på Nerlandsøya gjennom heile beitesesongen. Dyra er av rasen gammalnorsk spelsau, og gir kjøt som skil seg frå vanleg kvitsau ved at slaktet er mindre, medan smaken er mildare og feittet er innmarmorert i kjøtet. Vi sluttforar ikkje med kraftfôr, så kjøt frå oss er 100% beitebasert og eit resultat av lokal ressursutnytting. Vi meinar at denne kombinasjonen gir den beste kvaliteten og smaken! Gjeldande prisar inkl mva: Lam Heilt slakt - kr 165,- pr kg Grovpartert - kr 175,- pr kg Finpartert - kr 195,- pr kg Ung sau Grovpartert - kr 135,- pr kg Finpartert - kr 155,- pr kg NB: Vi sel berre sel heile slakt, og ikkje stykningsdelar. Levering vil skje etter avtale i veke 43 eller 44. Dato for retur vil vere avhengig av slaktedato. Vi tek kontakt med deg når vi har fått slaktedato for å avtale levering av bestillinga. Vi har avgrensa kjølekapasitet, bestillingar må derfor k...
