Hesjing vs. markturking

Det er mykje kjekt ein kan gjere i løpet av ein sommar, og ein av dei er å lage høy til vinterfôr! For oss som driv med småskala landbruk og likar å slå små stykke som ikkje er aktuelle for hausting med moderne maskiner er det to metodar som er aktuelle, nemleg markturking og hesjing:

Markturking

Den eldste og enklaste måten er markturking eller bakketurking. Denne metoden er nok like gammal som husdyrhaldet og fôrsankinga på våre nordlege breiddegrader, og kan utførast med svært enkle reiskap. Prinsippet er at ein breier graset utover den nyslåtte marka, og snur det med jamne mellomrom for å få luft i det og for å få det våtaste graset i kontakt med sol og vind. Til dette treng ein kun godt vêr, ei rive og arbeidslyst. Enkelt og greitt, her er trongen for tilrettelegging og investering er minimal. 1-0 til markturking! 

Under gode forhold kan ein med markturking få lagringsturt høy i løpet av ca. tre dagar med innsats. Men om natta er det ikkje gode forhold. Då fell temperaturen, fuktgraden i lufta stig, og råmen kondenserar til dogg i graset. For å ikkje verte sett altfor langt tilbake i turkeprosessen er det difor vanleg å sæte høyet til kvelden, altså samle det i såter, og slik redusere overflata på det. Noko som kan sjå slik ut:

Sæting tek si tid, i alle fall om du har litt større areal ei vanleg hustomt å fare over. Når graset neste dag igjen må breiast utover marka og snuast to gongar i løpet av dagen før ny sæting til kvelden, er det berre å håpe at storfamilien og nabolaget står klar med riva for å hjelpe til. Elles kjem du nok til å kjenne eit påtrengande behov for å kvile middag før høyet er kome i hus... 

I tillegg er det ein vesentleg x-faktor knytt til markturking, i alle fall når ein bur på den vestlege norskekysten. Nemleg vêret. Med tilhøyrande psykisk belastning dersom Yr og metereologane varslar byevêr. For då må også høyet sætast, helst før det regnar på det. Og så spørs det om ein rekk å breie det igjen før neste bye er på veg... 

Vi har no kome til introduksjonen av hesjing:

 

Hesjing

Dette er ei meir moderne metode, som i si tid vart utvikla av nokon som var luta leie av å spinne rundt med riva heile dagen for å snu på høyet. Eller av nokon som var desperate fordi vinterfôret deira rôtna på marka. Eller begge deler.

Løysinga vart å henge opp graset i eit turkestativ, også kjent som ei hes. Her får graset luft og sol på alle sider. Graset kjem opp frå bakken og unna jordråmen og doggen i graset, samtidig som det vert eksponert for sol og vind. Dessutan er den horisontale overflata svært liten og den vertikale desto større, noko som gjer at nedbør renn av graset i staden for å trenge inn i det, medan sola raskt turkar oppatt overflata på den våte hesa. 1-1!

Til å sette opp ei hes trengst det litt meir førbuing og utstyr enn til markturkinga. Ein treng hesved, altså staur, ein treng hesjaskôrer til å støtte opp hesa med og ein treng hesjastreng. Hesjastrengen er ei forholdsvis ny vidareutvikling av den tradisjonelle måten å hesje på, der ein brukte langsgåande tretroder til å henge graset på. Men etter at galvanisert ståltråd vart meir tilgjengeleg i handelen frå 1850-talet og utover vart hesjastrengen einerådande, sjølv om han kosta litt. 

Det er heller ikkje slik at denne metoden er lite arbeidskrevjande. Stauren må berast ut, ein må laga hol i marka med spettet, sette opp stauren, strekkje opp hesjastrengen, graset må rakast saman og flyttast innåt hesa, og det må ristast godt og hengast opp. Men når det er gjort kan ein slappe av og gle seg over høy som turkar, sjølv med mørke skyer i syd. 2-1 til hesjing!

Vèl, kanskje ikkje heilt her på ytre søre Sunnmøre... For når det etter nokre dagar er liten storm i kasta er det lite anna å gjere enn å sjekke skôrane og vente til han spaknar, før ein hesjar oppatt det som har blese uto.

Meir arbeid. Men graset turkar vidare så snart det er oppe i hesa igjen, og på dette tidspunktet hadde truleg høyet på marka vore øydelagt av for mykje væte. Framleis 2-1.


For spesielt interesserte

For spesielt interesserte kan det nemnast at hesjinga si historie her på våre kantar er svært kort, samanlikna med bakketurkinga. For det var bakketurking av småhøy som dominerte slåtten frå gammalt av. I fylgje Jakob P. Kopperstad (f. 1931) var det så seint som i 1920-åra at det vart vanleg å hesje det meste av vinterfôret her på Koparstad. Hesjinga hadde deretter si stordomsperiode fram til forhaustaren og silolegginga tok over i 50-60-åra.

Det finst mange lokale variantar av korleis ein set opp ei hes. Det mest vanlege er nok å stramme hesjastrengen rundt hesjastaurane. Men her på garden, og på dei næraste nabobruka har det vore vanleg å knyte hesjastrenge fast i hesjastauren med eit hesband.

Høyet i hus

Det beste med både hesjing og markturking er å få høyet i hus. Lukta av friskt, grønt høy kan ikkje skildrast, ho må berre opplevast. Og få barndomsminne kan måle seg med å trakke høyvogna og site på lasset når det skal køyrast inn!


Korleis vart så resultatet? Elleve dagar etter hesjing er det ei luke mellom lavtrykka og heshøyet kjem i hus. Hesa er gul på utsida, men grøn inni, dette er flott vinterfôr tl sauene! Men vent litt, somme stader heilt inne på hesjastrengen finn vi noko gult og klamt. Ikkje mykje, men nok til at det må sorterast ut. Kanskje hesja vi for tett, kanskje var det for vått då vi hesja, kanskje fekk hesa henge for kort tid, kanskje var det berre vêret? Samtidig ryktast det at det i nabobygda Kvalsvika har vore berga fint turrhøyr på marka på 3 av desse 11 dagane. 2-2 til markturkinga, og diskusjonen lever vidare!

Kommentarer

Populære innlegg