Ull frå gammalnorsk spelsau

Å prøve å foredle og drage nytte av eigenskapane og kvalitetane til ulla frå gammalnorsk spelsau er ei spennande reise, i historiske og naturlege landskap. 

For dette har også ei miljømessig side ved seg: I dag vert så godt som heile volumet av innsamla norsk ull frakta til utlandet for vask og vidareforedling. Dette er i all hovudsak kvit crossbredull, medan den farga spelulla i stor grad vert kassert. Kjemisk farging og syntetisk superwashbehandling gjer at det kan stillast spørsmål ved kor miljøvennleg det ferdige ullgarnet eigentleg er, sjølv om ein del av ulla kjem tilbake til Noreg for spinning. Og mykje av merinoulla som vert brukt i "norske" plagg kjem frå verdsmarknaden, frå store, industrielle produksjonar med standardar for dyrevelferd som ligg langt under krava vi set til sauehaldet her i landet. 

 

Det må finnast ein annan veg vidare. 

 

Les meir om ullvarene våre her:

 ULLVARER

Kommentarer

Populære innlegg