Kle oss i kjærleik
Sauene våre er skapte for ein open himmel. Vel kan dei trekkje mot livd om regnet vert for vått eller solsteiken for heit. Men når nordvesten kjem med slettekave og kuldegrader legg dei seg aller helst ned ute. Lurer du på om ull isolerer? Då skulle du ha sett korleis nysnøen legg seg på ein varm sauerygg.
Sidan vi fekk dei fyrste sauene til gards for litt over seks år sidan har vi ofte drøymt om å kunne kle oss som dei. Dei siste åra har vi sortert og samla den beste ulla vår, og her er resultatet: naturfarga strikkegarn i fire ulike fargetonar, frå våre sauer. Vi er svært takksame for arbeidet som Listagarn AS har gjort med leigespinning, som vore avgjerande for å realisere dette! For oss er dette ei "knip deg i armen, og sjå om du vaknar-oppleving"...
Og kven veit, kanskje var det sauer Paulus hadde i tankane og var inspirert av då han skreiv desse orda for snart 2000 år sidan:
"Kle dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen".
Kommentarer
Legg inn en kommentar