Glansen av livet
Glansen til spelsauen sit i dekkulla, eller toget som det også vert kalla.
Av dekkulla frå korthalesauer sydde vikingane segla sine, og den same ulltypen kan ein finne att i kunstvevnad frå mellomalderen. Toget er vassavvisande, slitesterkt og glansfullt.
Desse gimrane vart klipte for vel ein månad sidan og dekkulla er no på god veg til å vekse ut att. Den flottaste og mest livfulle glansen får dei dyra som får beite i utmark. Vi vert det vi et...
Kommentarer
Legg inn en kommentar