Kandidaten
Det er den tida på året då seinsommaren nesten umerkeleg glir forbi. Litt mørkare kveldar, litt skarpare natteluft, litt færre fuglar rundt husa morgonane. Heilt til brått ein dag: regn og kuling på sydvest, då er det haust!
Lamma er ikkje små og søte lenger. Dei har hatt ein lang sommar på beite med flokken, og no begynner dei å få preg. Ulla som i vår var kort i enten svart eller brunt er no lang og glansfull i ein palett av ulike fargesjatteringar. Og vêrlamma briskar seg, viser musklar og småknuffar seg i mellom.
I beitesesongen hender det at det vert fleipa om at der går ulike matrettar over attelegene. Fårikålkjøtet, julesteika, spikekjøtet, grillkotelettane og så vidare. Men det vi ser etter når vi no er komne til hausten er ikkje dei som skal slaktast, men dei beste. Dei som utmerkar seg, som har preg og eigenskapar til å vere med i avlen og utvikle flokken vidare. Kort sagt, kandidatane. Her er nokre av dei:
Kommentarer
Legg inn en kommentar