Kornskurd

Av alle aktivitetar som var livsviktige for folk før i tida, trur eg vi uoffisielt kan gje kornskurden fyrsteplassen. Om kornavlinga kom velberga i hus var forkjellen på ein trygg vinter, eller knappe matreservar gjennom vinteren og kanskje matløyse og svolt neste vår. Før i tida dyrka dei korn overalt, også her med oss. Det er spennande å prate med eldre folk som har opplevd og vore med på korndyrkinga, - ein kultur med eldgamle røter! 

Forsøk på kornhes på Koparstad i 2020.

I fjor viste naboen vår Jakob Kopperstad oss litt av korleis dei gjorde det "Opp i gara" i han sin barndom og ungdom. I år måtte vi prøve oss sjølve! Litt ekstra artig at vi i år fekk tak i såkorn av svarthavre frå bruksgenbanken, ein eldre havretype som var meir brukt før i tida. Ser ut til at svarthavren tolte klimaet vårt litt betre enn gulhavren vi hadde i fjor, mesteparten av åkren stod i alle fall gjennom sommaren. Kunne sikkert ha vore både større avling og betre modning, heldigvis er ikkje kornskurden ein del av levebrødet vårt..

Korndyrkinga på våre kantar vart trappa ned etter krigen. Som kjent er det 75-års jubileum for freden i år. Her kjem nokre vers av Johan H. Grimstad som eg likar godt:

 

Kornet og freden

 

Det vart aldri mat

av våpenlarm,

men harm

og hat.


Men har du høyrt denne sæle sus

som lever i moge korn,

så bygde du heim og kyrkjehus

for deg, og for dine born.

 

Vonene låg som ein morgonsong

lint over landa då:

om vi var trugne i trivd og trong,

skulle vi freden få.

 

Svarthavre som er nesten "skjære".

Kommentarer

Populære innlegg