Lammeslakt 2023

Vi har lammeslakt tilgjengelege for bestilling i haust - for dei som ynskjer å nyte reint lammekjøt av gammalnorsk spelsau. Slaktedyr frå oss er oppfôra utelukkande på gras og andre lokale beiteplanter frå Nerlandsøya. 😋

 
Heimelaga lammerull.


Vi sender til slakt den 17. oktober, og vil få slakt i retur den 24.oktober. Det er Ole Ringdal AS som står for slakting og partering. Merk at vi sel kun heile slakt, og ikkje stykningsdelar, sjå under korleis du kan få slaktetpartert.

Vi leverer i nærområdet etter avtale, elles skjer henting i Koparstadvegen 136. Då vi ikkje har kjølekapasitet vert kjøtet utlevert same dagen som det kjem i retur frå slakteriet, altså den 24.10. 

I år tilbyr vi 3 ulike "typar" slakt:


"Tradisjonslam" / heilt slakt

"Tradisjonslam" er for deg som ynskjer å partere slaktet ditt sjølv. Nyt fridomen ved å kunne dele opp og foredle slaktet akkurat slik du vil, eller slik bestemora di vil...
 
Partering: Heilt slakt

Storleik: ca 13 -16 kg.

Pris: kr 135,- pr kg ink. mva

 

"Julelam" / grovpartert

"Julelam" er for deg som ynskjer slaktet grovpartert med tanke på å lage spekekjøt. Her er det berre å skjere laus svangen, så er sider og lår klare for salting...
 
Partering: Heile sider med rygg, slagside og nakke. Lår og bogar heile.

Storleik: ca 13 -16 kg.

Pris: kr 145,- pr kg ink. mva

 

"Fårikållam" / finpartert

"Fårikållam"er for deg som ynskjer fersktkjøt i frysaren. Her kjem det meste av slaktet oppsaga til fårikålkjøt, medan låra er heile, slik at du kan by på heilsteikt lammelår.

Partering: Heile lår, resten av slaktet oppsaga til fårikålkjøt.

Storleik: ca 11 -13 kg.

Pris: kr 155,- pr kg ink. mva
 






Bestilling

Du kan enten sende oss ei melding, eller fylle ut skjemaet under.

E-post: post@oppibakkji.no

Telefon: 48 00 62 12 (Katrine) / 95 85 73 39 (Marcus) 





Kommentarer

Populære innlegg