Site på ryggen til ein sau...

Her er det siteunderlag på gang... Sauene våre går med heilårsull, og og då er ulla ved klipping i ein del tilfelle så tova at ho ikkje kan kardast opp til spinning eller toving. Ja ho er rett og slett ferdig tova... Så i år fann vi ut at vi skulle prøve å skjere ut siteunderlag av dei mest tova fellane! 

Det er artig å kunne lage noko av noko som eigentleg berre skulle kastast. For normalt er det kun den aller beste heilårsulla som kan brukast, medan resten vert kassert. 

Kvart enkelt siteunderlag er testa på ryggen til av ein av sauene våre, gjennom dagleg bruk i allslags vêr og gjennom alle årstider 24/7, 365 dagar i året frå juni til juni. Her er altså eit produkt som er skikkeleg kvalitetssikra! Og så synest vi eigentleg at dei vart ganske fine også. Her ligg dei til turk i sola...



Kommentarer

Populære innlegg