Velkomne, kystgeiter!
Velkomne, kystgeiter! I haustferien var vi til Nordmøre og henta heim ein liten flokk med geiter, som no skal leve og høyre til her hos oss. Ein kan sikkert seie mykje om geiter, men det fyrste er at det er fine og veldig trivelege dyr, som gjerne har ein sterk personlegdom. Geitene våre er av rasen Norsk Kystgeit og stammar frå kystgeitflokkane på Stadtlandet. Tidlegare var det vanleg å halde geit i vårt distrikt, og så også på Nerlandsøya. Jakob P. Kopperstad (f. 1931) fortalde at dei hadde geiter "Opp i gara" på Koparstad i hans barndom. Dette var geiter som ikkje vart mjølka, men som gjekk i utmarka mesteparten av året og som til visse tider vart samla for merking og uttak av slaktedyr. I fylgje Jakob vart dei siste kystgeitene på Nerlandsøya skotne under 2. verdskrigen. Seinare har restar av den gamle kystgeitstammen på Sunnmøre berre overlevd i forvilla tilstand på Sandsøya og Skorpa. Men no er dei altså tilbake på Nerlandsøya! Noko som er mulig takka ...

